• 31 ledige tomter

    31 ledige tomter

    Eivindvik Bulyst AS har no for sal 31 store og attraktive bustadtomter. Tomtene har særdeles gode solforhold og alle er sørvendt.

  • 31 ledige tomter

    31 ledige tomter

    Eivindvik Bulyst AS har no for sal 31 store og attraktive bustadtomter. Tomtene har særdeles gode solforhold og alle er sørvendt.

  • slide

Tomter til sals

Eivindvik Bulyst AS har 31 store og attraktive bustadstomter til sals i Prestesundet bustadfelt i Eivindvik.

Tomtene blir selt etter "først til mølla"-prinsippet. Klikk for meir informasjon.

Tomannsbustadar til sals

Eivindvik Bulyst AS har i samarbeid med Hellvik Hus Sotra AS to tomannsbustader til sals. Tomannsbustadane passar til både einslege, barnefamiliar og eldre. Klikk for å lese meir.

Etablerartilskot

Gulen kommune ynskjer fleire unge busette i kommunen, og tildelar difor etableringstilskot. Klikk her for meir informasjon.

PS: Administrasjonen i Gulen kommune skal i løpet av hausten greie ut om etablerartilskotet bør hevast til 100.000 kroner.

Prestesundet bustadfelt

Prestesundet bustadfelt ligg nydeleg til på nordsida av innseglinga til Eivindvik. Den kjente innseglinga som Henrik Wergeland skreiv eit dikt om i juli 1832 då han vitja Prost Niels Griis Alstrup Dahl. I dag, nesten 200 år etter, kan du busetje deg og nyte den same utsikta kvar einaste dag, som Henrik Wergeland fekk oppleve den gongen.

Eivindvik Bulyst AS har regulert Prestesundet bustadfelt, bustadfeltet inneheld 31 store, solfylte utsiktstomter. Snittstorleiken på tomtene i feltet er på 1,75 mål.
Det er 1750 kvadratmeter! Kvifor bu trangt i byn, når ein kan boltre seg på bygda?


Tomtene blir tildelt etter "først til mølla"-prinsippet. Det vei seie at den fyrste som seier at dei/den vil ha ei tomt, får kjøpe den.
For å sikre eit trygt og godt sal av tomtene, så vil både kontrakt, oppgjer og skøyte bli handtert via advokat. Kostnad med dette tar Eivindvik Bulyst.

Her gjeld det å vere om seg!




KNALLTILBOD PÅ OPPARBEIDING/PLANERING AV TOMT

Hausten 2016 er anleggsfasen der veg, vatn, avløp, straum, fiber og tele vil bli utbygd i bustadfeltet. Planlagt ferdigstilling av infrastrukturen er januar 2017. Det vil seie at ein kan starte å byggje hus allereie rett over nyttår!! Entreprenøren som kjem til å byggje ut feltet har sagt at han vil gje ekstra gode prisar på planering og opparbeiding av tomtar mens anleggsfasen pågår. På grunn av at entreprenøren allereie har maskinene på plass, så vil ein sleppe dyre oppstarts- og riggkostnader. Entreprenøren kan og "sjonglere" med massane han får frå all grøftinga, slik at han kan nytte dette på tomter med underskot eller ta masse frå tomtar med overskot. Dette gjer og at tomtekjøparane vil spare store kostnader på tilkøyring av masser.

Dersom du lurer på å kjøpe tomt, så er no tida å bestemme seg!


Om det er noko du lurar på i samband med kjøp av tomt eller tomannsbustad, nøl ikkje med å ta kontakt!


Kontaktinformasjon:

Dagleg leiar: Daniel Kvernøy - tlf. 911 20 932

Salsansvarleg: Rune Håvåg - tlf. 901 85 796