Prestesundet bustadfelt

Prestesundet bustadfelt ligg nydeleg til på nordsida av innseglinga til Eivindvik. Den kjente innseglinga som Henrik Wergeland skreiv eit dikt om i juli 1832 då han vitja Prost Niels Griis Alstrup Dahl. I dag, nesten 200 år etter, kan du busetje deg og nyte den same utsikta kvar einaste dag, som Henrik Wergeland fekk oppleve den gongen.

Eivindvik Bulyst AS har regulert Prestesundet bustadfelt, bustadfeltet inneheld 31 store, solfylte utsiktstomter. Snittstorleiken på tomtene i feltet er på 1,75 mål.
Det er 1750 kvadratmeter! Kvifor bu trangt i byn, når ein kan boltre seg på bygda?


Tomtene blir tildelt etter "først til mølla"-prinsippet. Det vei seie at den fyrste som seier at dei/den vil ha ei tomt, får kjøpe den.
For å sikre eit trygt og godt sal av tomtene, så vil både kontrakt, oppgjer og skøyte bli handtert via advokat. Kostnad med dette tar Eivindvik Bulyst.

Her gjeld det å vere om seg!




Våre samarbeidspartnarar


For dei av dykk som ynskjer å fordjupe seg meir i reguleringsplanen, så har me lagt ut alt som høyrer til Prestesundet bustadfelt her. Desse filene er kopiert frå Gulen kommune sitt levande planarkiv. Dette arkivet, men alltid oppdaterte filer, kan du finne på http://braplan.geoweb.no/braplan. Deretter lyt du velje "Gulen" som eigarkommune.Skriv deretter inn "Prestesundet" i feltet "Plannavn" og trykk på søk.